Passau
Passau | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Bayern | ||
Region | Niederbayern | ||
Landkreis | Kreisfri by | ||
Høgd | 294–447 m | ||
Areal | 69,56 km² | ||
Folketal | 54 401 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 400-talet | ||
Postnummer | 94001–94036 | ||
Retningsnummer | 0851 | ||
Bilnummer | PA | ||
![]() Passau 48°34′29″N 13°27′40″E / 48.5748229°N 13.4609744°E | |||
Wikimedia Commons: Passau |
Passau er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla Dreiflüssestadt (Byen ved tre elvar) fordi elvane Inn frå sør og Ilz frå Bayerischer Wald munnar ut i Donau her.
10 000 av innbyggjarane i byen er studentar ved Universitetet i Passau. Universitetet vart grunnlagd seint på 1970-talet, tufta på det fleire hundreår gamle Instituttet for katolske studiar. Det er kjend i Tyskland for sine institutt innan økonomi, jus, informatikk og kulturvitskap.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Passau vart ein gamal romersk koloni i Noricum kalla Batavis, kalla opp etter ei germansk stamme kalla Batavi.
På andre halvdel av 400-talet oppretta St. Severinus eit kloster her, og i 739 grunnla den irske munken Boniface eit bispedøme i Passau, som lenge var det største i Det tysk-romerske riket.
Med freden i Passau (1552) sikra erkehertug Ferdinand I, representant for Keisar Karl V, ein avtale for dei protestantiske fyrstane som kunne leggast fram ved ein Reichsstag. Dette førte til freden i Augsburg i 1555.

Under renessansen og den tidlege moderne perioden var Passau eit stort senter for produksjon av sverd og andre knivvåpen i Tyskland (nest størst etter Solingen). Smedane i Passau merka klingene sine med Passau-ulven. Overtruiske krigarar trudde at Passau-ulven gjorde dei som bar sverdet usårlege, og derfor var sverda frå Passau svært ettertrakta. Som følgje av dette vart heile praksisen med å plassere magiske vern på sverda for å verne om eigaren kjend som «Passaukunsten»[1].
Under den andre verdskrigen låg det tre underavdelingar av den frykta konsentrasjonsleiren Mauthausen-Gusen her: Passau I (Oberilzmühle), Passau II (Waldwerke Passau-Ilzstadt) og Passau III (Jandelsbrunn).
Frå 1892 til 1894 budde Adolf Hitler og familien hans i Passau. Arkiv i byen viser at Hitler haldt talar ved fire forskjellige tilfelle i 1920-åra her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Eduard Wagner, Cut and Thrust Weapons, 1969
- Denne artikkelen bygger på «Passau» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2007.