Hopp til innhald

Peder Syv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Syv

Fødd22. februar 1631
Roskilde
Død17. februar 1702
Hellested
NasjonalitetKongeriket Danmark
Yrkefilolog, litteraturhistorikar, prest

Peder Pedersen Syv (eller Petrus Petri Septimus,[1] 22. februar 163117. februar 1702) var ein dansk språkforskar, folkeminnesamlar og prest. Han var den fyrste til å skriva om dansk grammatikk på dansk,[2] og er blitt kalla far til dansk språkforsking.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]
Nogle Betenkninger om det Cimbriske Sprog (1663).

Peder Syv var fødd i landsbyen Syv ved Roskilde, og tok seinare namn etter fødebyen.[1] Rundt 1663 blei han rektor ved Nestved lantinskole.[1] Han var ikkje lenge i rektorstillinga før han blei kalla til å vera sokneprest for Heilstad kyrkjelyd i Stevn herad frå palmesøndag i 1664.[1]

I Noreg er Peder Syv best kjend for Kjempeviseboka, som han gav ut i 1695.[2] Dette var ei nyutgjeving av Anders Sørensen Vedel sitt verk Hundreviseboka. Peder Syv la til hundre nye viser, og Kjempeviseboka er derfor også blitt kjent som Tohundreviseboka. Dei fleste visene henta han frå gamle visehandskrifter eller frå munnleg tradisjon. Noko stoff er også nydikta på 1600-talet. Kjempeviseboka blei straks populær, ikkje berre i Danmark, men også i Noreg og på Færøyane.[3] Norske visehandskrifter frå 1700-talet og fyrste delen av 1800-talet inneheld ofte lange sekvensar med viser skrive av frå Kjempeviseboka. Han gav elles ut den fyrste danske grammatikkboka, Den danske Sprogkunst, i 1685, og ei samling danske og norske ordspråk i to bind, Almindelige Danske Ordsprog frå 1682 og 1688.[4]

Peder Syv med Kjempeviseboka, Peder Claussøn med omsetjinga av Heimskringla og Petter Dass med Bibelsk visebok er rekna som dei tre viktigaste personane for folkelesinga i Noreg. I Setesdal gjekk desse tre skribentane under namnet «Dei tri Perane».[5]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1591: (sm.m. Anders Sørensen Vedel) 100 utvaalde Viiser om Konger, Kæmper og andre .... Kiøbenhavn 1591.[6]
  • 1663: Nogle betenkninger om det Cimbriske Sprog – om germanske språk
  • 1685: Den danske Sprogkunst eller Grammatica – om dansk grammatikk og språklære
  • 1682: Almindelige Danske Ordsproge og korte Lærdomme med Foregaaende Underviisning om dennem. Samt Efterfølgende Tilhæng af nogle sære / som fordum have væred oc endeel endnu ere brugelige underskedeligen i disse Tre Nordiske Riger. Saa og Et Register paa Titlerne og et andet paa de Gamle og sielden forekommende Ord. Bd. I. Sl. Corfitz. Kiøbenhavn 1682.
  • 1688: Almindelige Danske Ordsprog og korte Lærdomme, Bd. II.
  • 1695: Et Hundrede Udvalgte Danske Viser / Om Allehaande merkelige Krigs-Bedrivt og anden selsom Eventyr / Som sig her udi Riget Ved Gamle Kæmper / Navnvkundige Konger / og ellers fornemme Personer begivet haver / af Arilds Tid til denne nærværende Dag. Forøgede med det Andet Hundrede Viser OM Danske Konger / Kæmper og Andre / Samt hosføjede Antegnelser / Til Lyst og Lærdom. Joh. Phil. Bockenhoffer. Kiøbenhavn 1695.
  • 1695: 200 Viser om Konger, Kæmper og andre – også kjend som Kjempeviseboka eller Tohundreviseboka
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 A.S. «55. Syv (Peder Pedersen)». Poetisk Læsebog for Børn og barnlige Sjæle: til Brug saavel i Skolen som i huset. Kjøbenhavn: Trykt hos Bianco Luno & Schneider. s. 543. «eller, som han ifølge den Tids Latinraseri kaldtes og selv kaldte sig, Petrus Petri Septimus, fødtes 1631 i Landsbyen Syv ved Roskilde og tog sit tilnavn efter denne sin Fødeby.» 
  2. 2,0 2,1 Mæhlum, Lars (26. november 2024). «Peder Syv» (på norsk). Henta 10. februar 2025. 
  3. «Peder Syv», Lex (på dansk), 23. april 2023, henta 10. februar 2025 
  4. «Peder Syv», Dansk Biografisk Leksikon | Lex (på dansk), 23. april 2023, henta 10. februar 2025 
  5. Moltke Moe (1912). «P.A. Munc og det nationale gjennembrudd». Maal og minne (Oslo). s. 119. 
  6. Utgivelsen er av Ballhausen og Johansens Thesaurus II, 674 blitt beskrevet som «... et hovedverk i tidens bogproduksjon [og] Et uuttømmelig skatkammer for sprog og kultur».