Plav
Berane | |||
---|---|---|---|
| |||
Land Kommune |
Montenegro Plav | ||
Flatevidd | 486 km² | ||
Innbyggjarar[1] • Kommune (2023) • Byområde |
9 050 3 717 (2011)[2] | ||
Koordinatar | 42°36′N 19°56′E / 42.600°N 19.933°E | ||
Høgd | 1065 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Postnummer | 84325 | ||
Bilnummer | PL | ||
Nettstad: https://www.plav.me/ | |||
![]() |
Plav (serbisk Плав, albansk Plavë eller Plava) er ein by og kommune i det austlege Montenegro, på grensa til Kosovo og Albania. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 9 050 innbyggjarar.[1]
Plav ligg under Prokletije-fjella ved den øvre delen av elva Lim der denne skapar den mykje vitja Plavsjøen (Plavsko jezero). Kommunen høyrer til den søraustlegaste delen av den serbisk-montenegrinske grenseregionen Sandžak.
Byen ligg ved eit vidkjend karstlandskap med naturlege hòlebrønnar. Villmarksliv og skiturisme er viktige inntektskjelder i sesongane for dette.
I 2003 var fordelinga mellom folkegrupper 49 % bosniarar, 39 % albanarar og 11 % tyrkarar.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]I februar 2014 vart ein del av kommunen skild ut som kommunen Gusinje.[3]
Dei største busetnadene i den noverande kommunen:
Folketal 2003[4] | Folketal 2011[2] | Folketal 2023[1] | |
---|---|---|---|
Plav | 3 615 | 3 717 | |
Prnjavor | 944 | 961 | |
Brezojevica | 947 | 929 | |
Vojno Selo | 639 | 642 | |
Murino | 545 | 462 | |
Kommunen Plav | [a]13 805 | [b]13 108 | 9 050 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Plav» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2010.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 The 2023 Census of Population, Households, and Dwellings: Population of Montenegro by Sex and Age (PDF), Monstat, 15. oktober 2024, henta 22. mars 2025, «Table 1. Population of Montenegro, by municipalities»
- ↑ 2,0 2,1 POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data), Monstat, 2011, henta 11. september 2024
- ↑ Gusinje - nova opština u Crnoj Gori, AKTER, 26. februar 2014, arkivert frå originalen 23. desember 2014, henta 15. september 2024
- ↑ Population – National or ethnic affiliation: Data by settlements and municipalities, Monstat, 2004, henta 22. mars 2025
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstad for Plav kommune Arkivert 2010-02-01 ved Wayback Machine.