Hopp til innhald

Pneumatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pneumatikk er overføring av energi ved hjelp av trykksette gassar, vanlegvis luft. Luft brenn ikkje, gjev ikkje frå seg brannfarlege gassar, skapar ikkje gneistar og eventuelle lekasjar skapar ikkje væskesøl. Pneumatisk drift har difor ein føremon i brannfarlege omgjevnadar, som til dømes petrokjemisk industri, tresliperi, osb.

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Trykkluft vert laga ved hjelp av ein kompressor. Eit lite pneumatisk anlegg kan bruka ein eigen kompressor, flasker med trykkluft eller det kan vera forsynt frå ein sentral med ein større kompressor gjennom eit forgreiningssystem. Ein kompressor er ei pumpa som kan vera driven av t.d. ein elektromotor eller ein forbrenningsmotor.

For å halda trykket konstant vert det nytta ein trykkregulatorar, som styrer pådraget til kompressoren. Ofte er det montert eit manometer manometer for å kunna kontrollera at trykket er rett. Dei fleste systema har òg eit elle fleire filter som fjernar partiklar og olje frå lufta. Overføring av trykk skjer ved hjelp av slangar eller røyr av plast eller metall. Det at mediet som vert brukt er vanleg, rein luft, gjer at ein ikkje treng stilla krav til materialet i røyra, bortsett frå trykklasse og at det tåler mekaniske påkjenningar.

Praktisk bruk

[endre | endre wikiteksten]

Trykkluft vart ofte nytta for å driva handverkty av ulike slag, som muttertrekkarar, slipemaskinar, poleringsmaskinar, meiselhammarar, osb. Karosseriverkstadar nyttar trykkluft for lakkeringssprøyter. Dekkverkstadar og bensinstasjonar nyttar trykkluft for å pumpa opp dekk.

Bremsenelastebilar, anleggsmaskinar, og nokre traktortilhengarar er trykkluftopererte. Trykkluft vert òg nytta for å blåsa rein deler i samband med reparasjonar.