Protein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire nivåa av proteinstruktur

Eit protein (tidlegare ofte kalla eggekvitestoff) er ei gruppe molekyl med høg molekylvekt, som er avgjerande for struktur og funksjon i alle levande organismar.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Nokre protein er byggjestoff og spelar viktige strukturelle eller mekaniske roller, slik som til dømes proteina i brusk og sener. Andre fungerer som enzym, eller undereiningar av enzym som styrer dei kjemiske reaksjonane i cellene. Viktige funksjonar er òg immunrespons og lagring og transport av ulike stoff i kroppen. Som enzym kan også proteina syte for å bryte ned stoff til aminosyrer slik at dei kan takast opp i kroppen (ernæring) eller gjerast tilgjengelege for organismar som ikkje sjølv kan produsere dei. Såleis er protein ein føresetnad for alt levande liv og er avgjerande for struktur og funksjon for alle celler og virus.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Protein finst i alle celler. Dei er sett saman av ei eller fleire kjeder av aminosyrer som er bundne ihop med peptidbindingar. Dei minste proteina har rundt 50 aminosyrer, medan dei største kan ha opptil 80 000. Særs små protein blir kalla peptid.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Danninga av protein, den såkalla proteinsyntesen, startar i cellekjernen, ved at det blir danna ein kopi av eit gen i DNA-et. Denne kopien er danna av RNA og inneheld koden som ribosomet i cella treng for å sette saman dei rette aminosyrene til eit nytt protein.

Døme på protein[endre | endre wikiteksten]