Rockheim
Rockheim | |||
![]() | |||
Stad | Trondheim kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 5. august 2010 | ||
![]() Rockheim 63°26′19″N 10°24′03″E / 63.4386°N 10.4008°E |
Rockheim – Det nasjonale museet for populærmusikk er Noregs nasjonale museum for populærmusikk frå 1950-åra og fram til i dag. Museet er lokalisert i det tidlegare mellageret på Brattørkaia i Trondheim, og er ei avdeling i Musea i Sør-Trøndelag.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rockheim vart offisielt opna 5. august 2010.[2][3] Hovudoppgåva til Rockheim er å samle og vidareformidle norsk populærmusikk, og dette vert gjort gjennom ei utstilling. Bygget har eit nettoareal på 3 400 kvadrameter, der halvparten er formidlingslokal.
Direktør for Rockheim er frå 2020 Arnfinn Stendahl Rokne.[4][5] Sissel Guttormsen var direktør 2013–2020[6], Petter Ingvar Søholt konstituert direktør hausten 2013[7] og Petter Myhr 2011–2013. Han tok over etter prosjektleiar Arvid Esperø.[8]
Rockheim er bygd av Brattørkaia AS. Bygget er teikna av Pir II og uteområdet er teikna av Agraff.[9] Mesteparten av dei sentrale utstillingopplevingane til museet vart designa av kunstnarisk leiar Stacey Spiegel og PWLabs AS. Eigarane av selskapet er Entra eiendom, Utstillingsplassen Eiendom og Koteng Holding (24 % eigarandel). Bygginga og utstillinga kosta tilsaman 300 millionar kroner.
1. januar 2021 vart Rockheim og Ringve Musikkmuseum slegne saman i ein felles organisasjon.[10]
Utstillinga
[endre | endre wikiteksten]Den faste utstillinga til Rockheim er lagd opp som ei reise gjennom nyare norsk musikk- og kulturhistorie. Utstillingsarealet er på 1 320 kvadratmeter, og er lokalisert i den ikoniske toppboksen til bygget. Man har ei tiårsinndeling av utstillinga, der dei forskjellige tiåra har sitt eige rom og utforming. Det er fokusert på å syne fram fleire aspekt av musikkhistoria, slik at både band, artister, bransje og tidsperiodens samfunn vert presenterte.
Det er lagt stor vekt på interaktivitet og publikumsinteraksjon. Skaparen av den virtuelle delen av Rockheim, kanadieren Stacey Spiegel, uttala at museet ville verte «verdens mest sofistikerte virtuelle museum» når det stod ferdig.[11]
Den faste utstillinga
[endre | endre wikiteksten]Noregskartet er det fyrste som møter publikum, og er eit interaktivt kart der forskjellige byar og stader er representerte. Ved å bruke laserpennar kan ein sjå bilete frå stadane. Heidersveggen er ein introduksjon til utstillinga. Her vert eit utval av artistar presenterte på store lerret der publikum kan starte musikkvideoar.
1950-åra er representert gjennom ein garasje, der man framhevar kulturpåverknaden frå USA. Som i dei fleste romma er det her mange musikkvideoar og minidokumentarar tilgjengeleg. For spesielt interesserte kan det også noterast at det er ein Ford Thunderbird på utstilling i rommet. 1960-åra er ei stue med tidsriktig interiør. Rommet vert kontrollert av sensorar i taket, som blar mellom forskjellige biletutklipp og informasjonstekster. 1970-åra er bygd som ein buss, for å representere turné[12]tilværet til mange norske band. Kvart setepar har ein trykkskjerm der fire magasin er tilgjengeleg. Magasina inneheld tekst og video om forskjellige 1970-talshendingar og band, og innhaldet vert spelte av på skjermrutane på bussen. Når innhald ikkje er vald, vert opptak av ei reise i Lofoten vist. 1980-åra er tre store videolerret der innhaldet vert bestemt av ein trykkeskjerm tilknytta eit miksebord. Miksebordet er ein SSL 4000+, der faderane kontrollerer utstillingsinnhaldet. 1990-åra er representert med to rom, eit for 1990-åra generelt og eit for svartmetall. Det generelle rommet er bygd som ein kafé, og har tre innhaldsstasjonar. To av desse er trykkebord, der ein kan bla igjennom forskjellige artistar frå perioden. Den siste stasjonen er ein trykkeskjerm som kontrollerer ein stor videoskjerm, der ein kan sjå videoar og minidokumentarar. Svartmetallrommet inneheld ein dokumentar om framveksten til stilarten og forskjellige videoar av band. 2000-åra er eit spegelrom der ein kan bla gjennom bilete og tekst på to store lerret, og musikkvideoar på eit tredje lerret. Rommet inneheld eit stort tal med videoar, og vitjande må bruke laserpennar for å navigere i utstillingsinnhaldet.
Instrumentveggen er ei utstilling av forskjellige instrument og anna musikkrelatert utstyr. Her står det blant anna ein mellotron, songanlegget frå den fyrste øvinga til punkbandet Wannskrækk og trommesettet til trommeslagar Morten «Diesel» Dahl. Mykje av utstyret er på utlån til Rockheim frå de opprinnelige eigarane. Akvariet er ei forlenging av instrumentveggen, og inneheld ein del kuriosa frå den norske musikkhistoria. Verdt å nemne her er blant anna Dead sine handskrivne tekster til Mayhemalbumet De Mysteriis Dom Sathanas, og Magne Furuholmen sin Yamaha Dx7 brukt under innspelinga av blant anna a-has «Take on Me».
Urørtskjermane er eit samarbeid med Urørt-konseptet til NRK. Her kan ein høyre unge band som enno ikkje har fått platekontrakt. Skjermane vert oppdaterte mot Urørt-heimesidene til NRK.
Mediateket til Rockheim er både ein fysisk plass og ein iPad-applikasjon. I femte etasje ligg mediatekrommet der ein kan lese forskjellige bransjeblad og bøker, i tillegg til å benytte seg av applikasjonen på iPader. I denne kan man bla igjennom utval av Rockheim sin musikkinnsamling.
Opplevingsrom
[endre | endre wikiteksten]Rockheim har tre opplevingsrom. I «Ronni-rommet» kan ein prøve å spele gitar under leiing av Ronni Le Tekrø, kjend frå TNT. I «Hiphop-rommet» kan ein prøve seg som DJ, graffiti-artist og breakdancer. Ein finn eit DJ-oppsett, graffittimoglegheiter, breakdance-video og sequencerstasjonar for å remikse låtar.
Den skiftande utstillinga
[endre | endre wikiteksten]Den skiftande utstillinga er eit areal der ein regelmessig byter ut innhaldet for å framheve eit musikalsk aspekt, ein artist eller ei anna kulturrelevant hending. Rockheim har vist følgjande temporære utstillingar i dette rommet sidan opninga.
- «Icons of the 60's» med fotografi av Robert Meyer
- «Jukeboks!» om jukeboksar gjennom tidene
- «Wenches Verden» om livet og virket til artisten Wenche Myhre
- «Innenfor/utenfor» med fotografi av den amerikanske fotografen Peter Beste
- «Blitzregn - 10 år med Kaizers Orchestra» med fotografi av Kaizers Orchestra tekne av Paul Aadestad og Terje Winterstø Røthing
- «I Dreamt I Was A Real Boy» ei utstilling om kjønn i norsk pop og rock
- «Trondheim Undergrunn» om musikklivet i dei alternative miljøa i Trondheim frå 1978 til i dag.
- «Pattie Boyd - George, Eric & Me - a personal collection» med foto av Pattie Boyd, og gjenstandar tilhøyrande Boyd, Eric Clapton og George Harrison
- «Network of Friends» om «gjør det sjølv»-inspirerte musikkulturar som opererer på sida av den etablerte musikkbransjen
- «De gærne har'e godt!» om humor i norsk populærmusikk
- «Supersonic Scientists - ei utstilling om Motorpsycho» med fokus på studioarbeidet til bandet Motorpsycho
- «Wall of Sound - The Photographies of Guido Harari» med artistportrett tekne av italienske Guido Harari
- «Ei vise er så mangt» om norsk visesong
- «Kiss - The Exhibition» ei utstilling utlånt og utforma av Alexander Johansson med diverse Kiss-effekter frå hans private samling
- «Soli Deo Gloria» - om kristendom og populærmusikk
Hall of Fame
[endre | endre wikiteksten]Rockheim Hall of Fame er ei utmerking som vert delt ut årleg og har som formål å heidre personar som har hatt stor tyding for utviklinga og utbreiing av norsk populærmusikk. Prisen kan tildelast artistar, grupper eller personar minst 25 år etter at dei har debutert.[13]
Den 5. september 2011 blei a-ha, Åge Aleksandersen, Jokke & Valentinerne, Wenche Myhre og Alf Prøysen dei fyrste som blei innlemma i Rockheim Hall of Fame.[14]
Dei øvrige nominerte var Arne Bendiksen, Mari Boine, Bjørn Eidsvåg, Lars Lillo-Stenberg, The Monn Keys, Popol Vuh, Anne Grete Preus, Terje Rypdal, Radka Toneff og Audun Tylden. Dei nominerte var valde av ein komite beståande av Marit Larsen (leiar), Larry Bringsjord, Ivar Håkon Eikje, Øystein Greni, Petter Myhr, Janove Ottesen og Marte Thorsby. Offentleggjeringa av dei fem innvalde skulle opphavleg ha skjedd 21. august, men blei utsett pga. minnemarkeringa etter terroråtaka 22. juli 2011.
Ærespris
[endre | endre wikiteksten]Rockheims ærespris vart delt ut fyrste gong i 2017. Prisen har som føremål «å hedre personer som har hatt stor betydning for norsk populærmusikks utvikling og/eller utbredelse, hatt ekstraordinære karrierer eller på annen måte satt dype spor etter seg i populærmusikkens historie – uten å ha stått fremst på en scene, som musiker.»[15] Prisen er uavhengig av Rockheim Hall of Fame men vert delt ut under same seremoni.
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]- 2017: Harald Are Lund
- 2018: Barry Matheson
- 2019: Jan Erik Kongshaug[16]
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Kveldsbilete av museumsbygningen.
Foto: Harald Øren/Rockheim
-
Frå utstillingane: 2000-åra.
Foto: Geir Mogen/Rockheim
-
Frp utstillingene: 1970-åra.
Foto: Geir Mogen/Rockheim
-
Fra utstillingane: Ronni-rommet.
Foto: Geir Mogen/Rockheim
-
Frå monteringa av opningsutstillinga Icons of the 60's.
-
Robert Meyer sitt portrett av The Pussycats vert montert til opningsutstillinga Icons of the 60's.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Det nasjonale opplevelsessenteret for pop og rock i Trondheim vil ligge på Brattøra». Regjeringen. 19. september 2007. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Jonas Skybakmoen (5. august 2010). «Rocken kommer heim». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 6. august 2010. Henta 16. januar 2023.
- ↑ «Endelig et rockehjem for deg». Dagbladet. 6. august 2010. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Stian Hansen (30. oktober 2020). «Arnfinn får ny direktørjobb». NT24. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Sven Erik Lundby (12. mai 2022). «Rockheim-sjefen rocker igjen». Den hemmelige gitaristen. Henta 16. januar 2023.
- ↑ «Ny Rockheim-sjef». Adresseavisen. 30. september 2013. Arkivert frå originalen 14. desember 2014. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Stian Wallum (31. august 2013). «Høstjakt på kultursjefer». midtnorskdebatt.no. Arkivert frå originalen 2. mai 2021. Henta 2. mai 2021.
- ↑ Joakim Slettebak Wangen; Frode Singsaas (25. november 2010). «Petter Myhr blir Rockheim-sjef». Adresseavisa. Arkivert frå originalen 27. november 2010. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Grete Kristin Hennissen (30. november 2010). «Rockheim fikk Trondheims byggeskikkpris». Arkitektnytt. Arkivert frå originalen 16. januar 2023. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Arnfinn Stendahl Rokne. «Ringve og Rockheim er ett museum». ringve.no. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Stian Wallum (12. august 2008). «Lover verdens mest sofistikerte museum». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 3. februar 2010. Henta 16. januar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «Statutter». Rockheim Hall of Fame. Henta 16. januar 2023 – via rockheim.no.
- ↑ «Disse innlemmes i Hall of Fame». Arkivert frå originalen 2. oktober 2011. Henta 6. september 2011.
- ↑ «Rockheims ærespris til Barry Matheson». rockheim.no. Henta 14. oktober 2018.
- ↑ Audun Hagen. «Rockheims ærespris til Jan Erik Kongshaug». rockheim.no. Henta 12. oktober 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Rockheim» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2025.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Arkitekturtidsskriftet Arkitektur N nr. 4–2011 har fleire artiklar om Rockheim og omgjevnadane på side 46–69.