Salus
Utsjånad
Salus | |||
![]() | |||
Identifisert med | Hygieia |
---|
Salus (latinsk for helse, velferd) var i romersk mytologi gudinna for helse og velferd, dotter til Æsculapius. Som helsegudinne var ho identifisert med den greske Hygieia. Som den romerske helsegudinna hadde ho eit tempel på Kvirinalhøgda, og var rekna som eit motsvar til den sabinske gudinna Strenia. Ho blei avbilda på myntar som blei laga under Tiberius og Nero sine regjeringstider.
Det latinske uttrykket salus publica viser til den generelle velferda. Ordspråket Salus publica suprema lex esto tyder ’Den allmenne velferda er den øvste loven’. Adolf Fredrik av Sverige hadde som valspråk salus publica, salus mea, det vil seia: ‘statens vel, mitt eige vel’.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salus» frå Wikipedia på svensk, den 23. februar 2025.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Salus i Nordisk familjebok (1:a upplagan, 1890)
- Salus i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1916)