Hopp til innhald

Segovia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Segovia
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Castilla y León
Provins Segovia
Høgd 1 000 m
Areal 6 163 km²
Folketal 51 525 (2024)
Postnummer 40001–40006
Retningsnummer 921
Kart
Segovia
40°56′53″N 4°07′06″W / 40.948055555556°N 4.1183333333333°W / 40.948055555556; -4.1183333333333
Wikimedia Commons: Segovia

Segovia er ein by i Spania, og provinshovudstad provinsen Segovia i Castilla y León. Byen ligg nord for Madrid, 35 minutt med tog. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen ligg på ein lang, smal ås og her ligg mange monument, mellom anna katedralen, ein kjend romerske akvedukt, ein alcázar (borgslott) og forskjellige romansk kyrkjer som San Esteban, San Martín og San Millán. Gamlebyen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO og er omgjeve av murar bygd på 700-talet, truleg over ein romersk base.

Klima og vegetasjon

[endre | endre wikiteksten]

Segovia har eit kontinentalt middelhavsklima, kaldt og tørt, på grunn av den høge plasseringa og avstanden til havet. Den årlege normaltemperaturen er 12 °C. I desember er temperaturen rundt -14 °C og i juli 34 °C. Den årlege normalnedbøren er 520 mm.

Den dominerande vegetasjonen er svartfuru, pinje, furu, eik, bøk og einer, samt kornåkrar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Segovia