Seim
Seim | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland fylke | ||
Kommune | Alver | ||
Folketal | 452 (2024) | ||
Folketettleik | 1 222 / km² | ||
![]() Seim 60°37′14″N 5°16′10″E / 60.6206°N 5.26944°E |
Seim er ei bygd og tettstad i Alver kommune i Nordhordland. Tettstaden hadde 452 innbyggjarar 1. januar 2023. Staden har eigen barneskule og kyrkje, bygd i 1878.
Seim er ei bygd med lang historie. Namnet kjem av norrønt Sæheimr (sjór/sjár/sær er norrønt for ‘sjø’). Her låg det i vikingtida ein kongsgard som blir knytt til Harald Hårfagre og andre kongar i Norgesveldet. I følgje tradisjonen er Håkon den gode gravlagd i Håkonshaugen på Seim. Håkonshaugen blir i dag ofte brukt som arena for diverse skodespel, men er mest kjent for oppsetninga av Håkonarspelet. På Seim finn ein òg Strilamuseet i det gamle meieriet.
Ikkje langt frå Seim, rundt fire kilometer frå fjordbotnen på vestsida av Seimsfjorden, ligg Vollom, som er den nordlegaste bøkeskogen i verda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seim» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2025.