Hopp til innhald

Semjonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Semjonov
Семёнов
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Areal 14 km²
Folketal 25 075 (2021)
Grunnlagd 1644
 •  Bystatus 1779
Postnummer 606650
Retningsnummer 83162
Kart
Semjonov
56°48′N 44°30′E / 56.8°N 44.5°E / 56.8; 44.5
Wikimedia Commons: Semyonov

Semjonov (russisk Семёнов) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg rundt 60 km nord for Nizjnij Novgorod.

Byen vart grunnlagt på byrjinga av 1600-talet som ein busetnad av gammaltruande. Han vart første gong nemnd som landsbyen til Semjonov i 1644, seinare som landsbyen Semjonovo, og frå 1779 som byen Semjonov.

Frå byrjinga av 1800-talet til tidleg på 1900-talet var han eit senter for gammaltruande-rørsla og det einaste staden der gammaltruande religiøse gjenstandar som lestovka-bønneperler vart produsert.

Økonomi og handverk

[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjent som eit av dei største sentera for tradisjonelle handverk som khokhlomamåling og matrjosjkadokker.

Frå 1918 vart khokhloma-tremåling eit dominerande handverk i Semjonov. I 1960 vart Semjonov organisert som fabrikken Khokhlomskaja rospis (russisk Хохломская роспись, dvs. Khokhloma-måling).

Denne fabrikken spesialiserte seg på produksjon av handmålte tregjenstandar (frå bordvarer til leketøy og møblar) med ein unik stil, samt matrjosjka-dokker, marknadsført som suvenirar. Fabrikken tilbyr omvisingar på dei forskjellige produksjonsstadia, og dei vitjande kan sjå handverkarar lage og måle gjenstandane i tradisjonell russisk stil.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Semjonov