Hopp til innhald

Signe Toly Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signe Toly Anderson

Fødd15. september 1941
FødestadSeattle
Død28. januar 2016 (74 år)
DødsstadBeaverton
FødenamnSigne Toly
OpphavSeattle i USA
Aktiv1965-1997
SjangerFolkrock, blues
InstrumentVokal
StemmetypeKontraalt
Tilknytte artistarJefferson Airplane, KBC, Jefferson Starship
Verka somSongar

Signe Toly Anderson (15. september 194128. januar 2016) var ein amerikansk songar som var med på å starte det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane.

Anderson var fødd i Seattle og voks opp i Portland i Oregon.[1] Ho flytta til San Francisco i 1965, der ho vart ein respektert jazz- og folk-songar. Anderson vart oppdaga av Marty Balin då ho song på klubben «Drinking Gourd club». Han tilbaud henne rolla som songar i det nystarta bandet Jefferson Airplane.[1]

I september 1965 gifta ho seg med lysteknikaren til bandet, Jerry Anderson, som også var med i Merry Pranksters. Dei fekk ei dotter i mai 1966. I august same året kunngjorde ho at ho hadde tenkt å slutte i bandet, noko ho gjorde i oktober same året. Ekteskapet blei oppløyst i 1974.

Anderson døydde heime i Beaverton i Oregon i januar 2016.[1] Ho døydde same dagen som ein annan grunnleggjar av Airplane, Paul Kantner.[2]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]