Sukrose
Sukrose eller sakkarose er eit disakkarid sett saman av glukose og fruktose. Det er eit trivialnamn som vert brukt om vanleg hushaldningssukker, og er ikkje eit systematisk namn i kjemien.[1] Sukker som vert brukt i matlaging er som regel sukrose, og er også kjend som sukker, kvitt sukker, bordsukker eller farin. Det finst også i sirup og melis.
Stoffet vert utvunne frå sukkerrøyr og sukkerroe.[2]
Kjemi
[endre | endre wikiteksten]
Kjemisk sett er sukrose eit samband av molekyla glukose (også kalla druesukker) og fruktose (også kalla fruktsukker) med eit oksygenatom imellom. Ved hydrolyse (invertering) vert sukrose spalta i glukose og fruktose. Ei blanding av like delar glukose og fruktose vert kalla invertsukker.[1]
Sukrose har ikkje eit bestemt smeltepunkt, men ved ein temperatur på rundt 160–186 grader celsius (°C) vert det spalta og omdanna til karamell.[1]
Biologi
[endre | endre wikiteksten]Plantar brukar sukrose til å transportera sukker over lange avstandar. Dei kan lagra stoffet i vakuolen.[3]
Hjå menneske vert stoffet spalta til monosakkarid i tynntarmen og teke opp i kroppen.[2]
Ei oppløysing av sukrose i vatn blir bruka som lett smertestillande hos spedbarn. Verknaden skuldast truleg ei aktivering av opioidsystemet i lekamen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ohlsson A, Taddio A, Jaddad AR, Stevens BJ: «Evidence-based decision making, systematic reviews and the Cochrane collaboration: implications for neonatal analgesia» i Anand KJS, Stevens BJ , McGrath PJ: Pain in neonates. 2. utg. Amsterdam 2000.
- Matheson, I. Spedbarnskolikk--hva hjelper? Tidsskrift for Den Norske Lægeforening. 115(19):2386-9, 1995 Aug 20.