Hopp til innhald

Surabaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Surabaja
by
Land  Indonesia
Areal 351 km²
Folketal 3 009 286 (2023)
Kart
Surabaja
7°14′45″S 112°44′16″E / 7.2458333333333°S 112.73777777778°E / -7.2458333333333; 112.73777777778
Wikimedia Commons: Surabaya

Surabaya er den nest største byen i Indonesia og provinshovudstad for Aust-Java. Surabaya ligg på nordaustkysten av Java ved munningen av elva Mas. I sjølve byen bur meir enn 2,7 millionar menneske, i byområdet over 5,6 millionar.

Surabaya er den viktigaste hamnebyen og det kommersielle senteret på austdelen av Java. I hamnebyen er det store skipsverft, og talrike skular som utdannar folk til nautiske yrke. Hovudbasen til den indonesiske marinen ligg i Surabaya. Største eksportprodukta som vert skipa ut er sukker, tobakk og kaffi.

Javanesarar dominerer bybiletet i Surabaya, men her finst store grupper av maduresarar, tionghoa-kinesarar og arabarar. Sidan tidleg på det 20. hundreåret har det vore eit jødisk samfunn i Surabaya, dette samfunnet driv den einaste synagoga i Indonesia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Surabaja