Swords
Utsjånad
Swords | |||
Sord Cholm Cille | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Grevskap | County Fingal | ||
Areal | 11,35 km² | ||
Folketal | 36 924 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 560 | ||
![]() Swords 53°27′35″N 6°13′05″W / 53.4597°N 6.2181°W | |||
Wikimedia Commons: Swords, Fingal |
Swords (irsk Sord Cholm Cille) er den åttande største byen i Republikken Irland, men er ein av forstadane til Dublin. Han ligg nord for Dublin, nær Dublin Airport.

I 1994 vart Swords adminstrasjonssete i det nyoppretta grevskapet County Fingal.
Byen har spor som kan sporast tilbake til år 560 og vart grunnlagd av St. Colmcille (521-567). Ei segn fortel at helgenen velsigna ein lokal brønn og gav namnet Sord til byen, som tyder «klår» eller «rein». An Sord tyder «vasskjelda» og kan vise til ein stor landsbybrønn som eksisterte i gamle tider.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Swords, Dublin» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2007.