Sylhet
Utsjånad
Sylhet | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 26,50 km² | ||
Folketal | 479 837 (2011)[1] | ||
![]() Sylhet 24°54′00″N 91°52′00″E / 24.9°N 91.866666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sylhet |
Sylhet er ein by i det nordaustlege Bangladesh, langs breidda av Surmaelva. Han har eit innbyggjartal på om lag 928 000 (2022).[2] Byen er distriktshovudstad i Sylhet distrikt, og er blant anna kjent for mykje dyrking av te og ris. Sylhet er den tredje største produsentbyen i Bangladesh, etter Dhaka og Chittagong.[2]
Det offisielle språket i Sylhet er bengali, medan sylheti er det mest utbreidde. Engelsk er mykje tala fordi folk frå Sylhet utgjer ein viktig del av den bangladeshiske diasporaen, særleg i Storbritannia og USA. Ifølgje The Daily Star stammar kring 85 % av dei bangladeshiske innbyggjarane i Storbritannia frå Sylhet distrikt.[3]

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.info/Bangladesh-Mun.html.
- ↑ 2,0 2,1 Martin, Megan (17. oktober 2022), «Discover the 9 Largest Cities In Bangladesh», AZ Animals (på engelsk), henta 5. mars 2023
- ↑ Ali, Ismail (27. desember 2019), «The 'Londoni' Connection», The Daily Star (på engelsk), henta 5. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Sylhet» frå Wikipedia på dansk, og «Sylhet» frå Wikipedia på engelsk den 9. juni 2024.