TERCOM
Utsjånad
Terrain Contour Matching, eller TERCOM, er ei etablert engelsk nemning på eit navigasjonssystem som primært vert brukt om kryssarmissil. På nynorsk vert dette omlag «landskaps-kontur-attkjenning». Systemet brukar eit tredimensjonalt konturkart teke frå satellitt eller rekognoseringsfly. Kartet er så overført til ei datamaskin inne i kryssarmissilet som samanliknar kartet med ein høgdemålar. På denne måten kan missilet korrigera kursen til missilet nøyaktig i høve til tråleiknavigasjonen, som i regelen òg er ein del av navigasjonssystemet i missilet. TERCOM gjev òg missilet høve til å flyga lågt og nærare hindringar på bakken, noko som gjer det lett å koma unna oppdaging frå fienden sin radar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Система управления полетом ракет TERCOM», km.ru, arkivert frå originalen 18. februar 2012, henta 4. februar 2011
- «Траектория полета ракеты "Tomahawk" BGM-109С/D», ИС Ракетная техника, arkivert frå originalen 14. juni 2011, henta 4. februar 2011
- «Крылатая ракета воздушного базирования AGM-86B (AGM-86С/D)», ИС Ракетная техника, arkivert frå originalen 13. juni 2011, henta 4. februar 2011
- Denne artikkelen bygger på «TERCOM» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2017.