Hopp til innhald

Tanit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanit

Identifisert medCaelestis
EktefelleBaal-hamon

Tanit var ei fønikisk månegudinne.[1] Ho blei dyrka som ein vernar av Kartago,[2] der namnet hennar frå 400-talet f.Kr. og framover var assosiert med dyrkinga av Baal Hammon, og ho fekk tilnamnet pene baal («ansiktet til Baal») og tittelen rabat, hokjønnsforma av rab (sjef/høvding).[3]

Ei basisk form av Tanit-symbolet.
Tanit-symbol frå Kartago
Fønikisk gravstein. Museet i Haifa.

Tanit blei dyrka i punisk samanheng i det vestlege Middelhavet frå Malta i aust til Gades (Cádiz i sørlege Spania) i vest. I Nord-Afrika, der det finst fleire inskripsjonar og materielle leivningar, var ho, i tillegg til å vera gemalinne for Baal, også ei himmelsk krigsgudinne, ei jomfrueleg modergudinne og gudinne for amming og sjuke, og litt mindre særskilt også ei fruktbarheitsgudinne. Fleire store greske gudinner blei identifiserte med Tanit gjennom synskretisk interpretatio graeca, som kjende att greske guddommar i utanlandske gudeskikkelsar i dei fleste av dei ikkje-hellenistiske kulturane som omgav Hellas i antikken.

Heilagdommen hennar som blei avdekt ved Sarepta i sørlege Fønikia avdekka ein inskripsjon som identifiserte henne for fyrste gong i heimlandet hennar, og knytte henne sikkert til den fønikiske gudinna Astarte (Ishtar).[4] Ein annan stad der Tanit er blitt avdekka er på halvøya Cap Bon i Tunis.

Steininskripsjon funnen i Tunis.

Opphavet til Tanit er funne i panteontempelet ved Ugarit (Syria), særleg i den ugarittiske gudinna Anat,[5] ein forbrukar av kjøt og blod. Det finst mange prov, som er omdiskuterte, av både arkeologiske spor og innanfor antikke skrifter,[6] som peikar mot ofring av barn som ein del av dyrkinga av Tanit og Baal Hammon.

Tanit var også ei gudinne blant berbarane i Nord-Afrika.

Symbolet hennar, som er funne på mange gamle steinutskjeringar, framstår som ein parallelltrapes lukka av ei horisontal linje på toppen og overgått i midten av ein sirkel. Dei horisontale armane blei ofte avslutta med anten to korte oppovergåande linjer i rette vinklar, eller av krokar. Seinare blei parallelltrapes hyppigare erstatta av ein likebeina trekant. Symbolet er blitt tolka av Hvidberg-Hansen som ei kvinne som løftar hendene sine.

egyptisk betyr hennar namn «landet til Neith». Neith var ei krigsgudinne.

I moderne tider har namnet, då med stavemåten Tanith, vore brukt som eit kvinnenamn, både for verkelege menneske, og i skjønnlitteratur av okkult innhald.

  1. 'TNT (= Tanit) i fønikiske og puniske inskripsjoner.
  2. Hvidberg-Hansen, F.O.: La déesse TNT: une Etude sur la réligion canaanéo-punique (København: Gad) 1982, er standardundersøkelsen. En omfattende kritisk gjennomgang av G. W. Ahlström sto i Journal of Near Eastern Studies 45.4 (Oktober 1986), ss. 311-314.
  3. Markoe 2000:130
  4. Pritchard, James B.: Recovering Sarepta, a Phoenician City (Princeton: Princeton University Press) 1978.; se Sarepta. Inskripsjonen leses TNT TTRT og kunne identifisere Tanit som et epitet av Astarte ved Sarepta, for elementet TNT opptrer ikke i teoforisk navn i puniske kontekster (Ahlström 1986 gjennomgåelse, s. 314).
  5. Hvidberg-Hanson 1982
  6. Markoe 2000:136

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]