Hopp til innhald

Tistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegtistel (Cirsium vulgare)
Piggtistel (Carduus acanthoides)
Syrisk tistel (Notobasis syriaca) har svært kraftige tornar.

Tistel er ein type stive, stikkande urteaktig plante. Blada, og ofte også stengelen, har kraftige tornar. Tistlar blir derfor ofte unngått av dyr og menneske og kan danna nesten ugjennomtrengjelege bestandar, ikkje ulikt brennesle.

Tistlane er ikkje ei naturleg gruppe. Dei fleste tilhøyrer stammen Cynareae i korgplantefamilien, men det finst også andre korgplantar ein kallar tistel. Strandtistel tilhøyrer skjermplantefamilien. Dei vanlege tistlane i Noreg tilhøyrer slektene Cirsium og Carduus. Dei veks ofte langs vegkantar og på beitemark.

Tistel er nasjonblomen til Skottland.[1]

Ulike tistlar

[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei oversikt over plantar som blir kalla «tistel» på norsk. Berre eit utval av Cirsium- og Carduus-artane i Noreg er tekne med.

  1. «The thistle – Scotland’s national flower», National Trust for Scotland (på engelsk), henta 25. april 2025 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tistel