Hopp til innhald

Total

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den grammatiske forma, sjå dualis.
Total


BransjePetroleumsverksemd, energibransje
Skipa28. mars 1924
DotterselskapDirect Énergie, TotalEnergies EP Norge
HovudkontorCourbevoie
LandFrankrike
Produktpetroleum
TenesterEkofisk
Grunnleggjar(ar)Ernest Mercier
Adm.dir.Patrick Pouyanné
Salsinntekter25 893 000 000 (2024)[1]
Omsetnad25 893 000 000 (2024)[1]
Resultat15 758 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Marknadsverdi128 000 000 000 euro (31. desember 2024)[2]
Nettstadhttps://www.totalenergies.com/ (engelsk)
Samanslåing av selskap fram til Total i 2003

Total er eit fransk energiselskap, mest kjend som eit oljeselskap. Selskapet vart grunnlagd i 1924 som Compagnie française des pétroles (CFP). CFP lanserte varemerket Total i 1954. Total var i 2005 eit av dei fire største oljeselskapa i verda. Dei andre store oljeselskapa er Royal Dutch/Shell, BP og Exxon Mobil. Selskapet vart slege saman med belgiske Petrofina i 1999, og endra namn til Total Fina. Seinare kjøpte selskapet franske Elf Aquitaine og namnet vart i 2000 endra til TotalFinaElf. I 2003 vart namnet endra attende til berre Total.

Selskapet har hovudkvarteret sitt i Paris og utgjer ein del av aksjeindeksen CAC 40.

  1. 1,0 1,1 1,2 https://totalenergies.com/system/files/documents/totalenergies_document-enregistrement-universel-2024_2025_fr.pdf; utgjevingstidspunkt: 31. mars 2025; filformat: Portable Document Format.
  2. https://totalenergies.com/system/files/documents/totalenergies_document-enregistrement-universel-2024_2025_fr.pdf; utgjevingstidspunkt: 31. mars 2025; filformat: Portable Document Format.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]