Hopp til innhald

Tragus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den ytre overflata av øyremuslingen

Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2] Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]

Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]

Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]

Fleire bilete

[endre | endre wikiteksten]
  1. Holck, Per (13. februar 2009), tragus, Store medisinske leksikon, henta 15. februar 2015 
  2. Webster, Tragus: Meanining, Merriam-Webster, henta 13. januar 2013 
  3. Tragus: Definition, Collins English Dictionary, henta 13. januar 2013 
  4. Muller, Raulf, A numerical study of the role of tragus in the big brown bat, Research Gate, henta 13. januar 2013 
  5. Fistula test, Harley Street E-Clinic, arkivert frå originalen 28. januar 2018, henta 13. januar 2013