Hopp til innhald

Trond Botnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Botnen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1937
Porsgrunn
Død

21. januar 2019 (81 år)

Yrke kunstmålar, bilethoggar, lyrikar

Trond Botnen (30. november 193721. januar 2019) var ein norsk grafikar, målar og bilethoggar frå Porsgrunn. Han var utdanna ved Kunsthaandværkskolen i København og ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Arbeida hans er innkjøpte blant anna av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Museet for Samtidskunst. Botnen har ei rekkje utstillingar bak seg og i tillegg til separatutstillingar har han deltatt på Statens Haustutstilling heile ti gonger.

I løpet av dei femti åra han verka som kunstnar skift Botnen kunstnarisk stil fleire gonger. Dei seinare måleria hans er abstrakte komposisjonar der han legg lag på lag av akrylmåling. Inspirert av Gustav Klimt påfører han måleria transparente, nesten usynlege lag med gull, sølv eller bronse.

Han har også gitt ut to diktsamlingar.

Trond Botnen buddde i Drøbak.

  • Nattordbok – diktsamling (1970)
  • Gruver Toms hytte – diktsamling (1971)

Multimal, der han les dikt saman med blant anna Bjørnar Andresen, Svein Finnerud Trio og Carl Magnus Neumann. (Polydor 2920102) (1971)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]