Hopp til innhald

Tuzla

Koordinatar: 44°32′17″N 18°40′34″E / 44.53806°N 18.67611°E / 44.53806; 18.67611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tuzla (fleirtyding).
Tuzla
Tyзла
Utsyn over Tuzla
Utsyn over Tuzla
Utsyn over Tuzla
Flagget til Tuzla Kommunevåpenet til Tuzla
Flagg Kommunevåpen
Land
Kanton
Bosnia-Hercegovina
Tuzla
Flatevidd 302,35 km²
Innbyggjarar
 • Kommune (2013)
 • Byområde

110 979[1]
74 457[1]
Koordinatar 44°32′17″N 18°40′34″E / 44.53806°N 18.67611°E / 44.53806; 18.67611
Høgd 245, 225 m
Retningsnummer +387 35
Nettstad: www.tuzla.ba
Tuzla is located in Bosnia-Hercegovina
Plasseringa av byen Tuzla
Kommunen Tuzla i kantonen Tuzla innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina

Tuzla (bosnisk kyrillisk Тузла) er ein by[2] og ein kommune i kantonen Tuzla innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3]

Tuzla er hovudsete i kantonen. Ved folketeljinga i 1991 hadde kommunen vel 110 000 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 75 000. Etter Sarajevo og Banja Luka er Tuzla den tredje største byen i Bosnia-Hercegovina.

Byen ligg norduast i landet og er kjend for sin omfattande framstilling av salt frå underjordiske gruver i under byen. Denne utnyttinga har ført til at byen bokstaveleg talt har søkke fleire meter i løpet av tiåra, og dette har igjen ført med seg, og fører framleis med seg, store materielle skadar. I det nyoppretta museumet Solni Trg er det utstilt fleire hundre år gamle reiskap som vart brukt i saltframstillinga, og andre ting som vitnar om at Tuzla vert rekna for å vere den byen med eldste kontinuerlege busetnad i Europa.

Eit av byen sine største kjennemerke er ein saltsjø i sentrum av byen. Dette er den einaste salte sjøen i Europa. Den 2. oktober 1943 vart Tuzla den største frigjorte byen i Europa til då. Under kommunismen i tidlegare Jugoslavia utvikla Tuzla seg til eit stort industrielt og kulturelt senter. Tuzla er òg kjend for å ha vore den mest multikulturelle og tolerante byen under Bosnia-krigen frå 1991 til 1994, og greidde å halde sitt etningske mangfald og samhald då alle andre byar langt på veg hadde tapt den kampen.

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]

Folketal 1991 Folketal 2013
Tuzla 83 770 74 457
Gornja Tuzla 3 237 3 017
Simin Han 2 309 2 278
Dobrnja 1 898 1 966
Čaklovići Gornji 1 259 1 480
Kommunen Tuzla 131 402 110 979

Folk frå Tuzla

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Konačni rezultati - Popis 2013, Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine, 2013, henta 25. desember 2024 
  2. Žunić, Nihad (19. juli 2024), «Koliko je teško dobiti status grada u BiH i šta to konkretno znači», Klix.ba (på kroatisk), henta 26. desember 2024 
  3. The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina (PDF), OSSE, 14. desember 1995, henta 23. november 2024 
  4. Bruno Jovanovic. Cappelendamm.no. Vitja 24. august 2020