Hopp til innhald

Valdaj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdaj
Валдай
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Folketal 14 074 (2021)
Først nemnd på 1400-talet
 •  Bystatus 1770
Retningsnummer +7 81666
Bilnummer 53
Kart
Valdaj
57°58′00″N 33°15′00″E / 57.966666666667°N 33.25°E / 57.966666666667; 33.25
Wikimedia Commons: Valday

Valdaj (russisk Валда́й) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved Valdajsjøen, rundt 140 km søraust for Novgorod.

Det gjenoppbygde Iverskijklosteret.
Foto: Alexander Savin

Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1495 og fekk status som by av Katarina II i 1770, då folketalet i byen var kring 2000. Byen vart det førande senteret for produksjon av klokker i Russland. Det kjende Iverskijklosteret (grunnlagd i 1653) og Uspenskijkatedralen (bygd i 1656) ligg på ei av øyane i Valdajsjøen.

Valdaj er eit populært turistmål og ligg i midt i nasjonalparken i Valdajhøgdene. Dei fleste turistane kjem til innsjøen og byen om sommaren. Valdaj har mange kvileheimar og sanatorium. Det finst mange campingplassar rundt innsjøen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Valdaj