Hopp til innhald

Ving Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ving Norge
Org.formAksjeselskap
Org.nr.915894151
BransjeReisebyrå
Skipa27. september 1968
MorselskapThomas Cook Group
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttp://www.ving.no

Ving Norge er ein norsk reisearrangør som sel charterreiser og pakkereiser til utlandet, og dessutan flyreiser og hotellopphald.

Saga Tours, som sidan blei kjøpt opp av Ving, har arrangert pakkereiser sidan 1959. Dei fyrste charterturane var frå Noreg til Mallorca.[1] Marknadsnamnet Ving har vore i bruk sidan 1993. Før dette var namnet Vingreiser.

I dagens verksemd inngår fleire tidlegare kjende merkenamn: Saga Tours som starta med charterreiser i 1959. I 1970 vart Vingreiser etablert som turoperatør. I 1973 slo Saga Tours og Informa Solreiser seg saman og skapte Saga Solreiser. I 1989 kjøpte Vingreiser Saga Solreiser. I 1993 kjøpte Saga Solreiser selskapet Gullivers reiser.

Selskapet fekk Thomas Cook Nordic Holding Ab som eigar, og var del av det internasjonale konsernet Thomas Cook Group. Den 30. oktober 2019 blei den nordiske Ving-gruppa kjøpt opp av Petter Stordalen sitt føretak Strawberry Group, det svenske oppkjøpsfondet Altor og det britiske oppkjøpsfondet TDR Capital.[2][3]

Reisene vert selde via internett, telefon og samarbeidande reisebyrå i Noreg. Selskapet har rundt 70 tilsette og sender totalt 400 000 gjester ut i verda per år.[4] Ving har 35 % av chartermarknaden i Noreg.

I 2016 var Ving den største reisearrangøren i Noreg.[5]

  1. Solen går ned for Saga, besøkt 2. mai 2012.
  2. «Petter Stordalen kjøper Ving etter Thomas Cook-konkursen». e24.no (på norsk bokmål). Henta 30. oktober 2019. 
  3. «Stordalen kjøper Ving etter Thomas Cook-konkursen». THE TRAVEL INSPECTOR (på norsk). 30. oktober 2019. Henta 12. mai 2021. 
  4. Ving-eier faller 75 prosent på London-børsen.
  5. Finansielle fakta, arkivert frå originalen 17. oktober 2018, henta 16. oktober 2018