Wrestling
Utsjånad
Profesjonell wrestling, også kalla fribryting eller berre wrestling, er ei blanding av sport og underhaldning med element av bryting, kampsport, akrobatikk, rollespel og interaktivt teater.[1]
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Omgrepet «wrestling» (engelsk for bryting) stammar frå «professional wrestling»-ligaene i USA, der WWE no er rekna som den mest innverknadsrike.
På norsk reknar ein i dag «wrestling» og «fribryting» som meir eller mindre synonyme uttrykk. Ein har også nytta omgrepet «fribryting» om fristil-bryting, som mellom anna er ei OL-grein.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Om wrestling Arkivert 12. november 2014 på Wayback Machine. Norges Wrestlingforbund
- ↑ «Bryting», Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972, s. 2565
- Denne artikkelen bygger på «Wrestling» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2025.