Hopp til innhald

XYZ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
XYZ

OpphavLondon i England
Aktiv1981
SjangerProgressiv rock, hardrock
Tilknytte artistarLed Zeppelin, Yes, The Firm
PlateselskapSwan Song
MedlemmerJimmy Page
Chris Squire
Alan White

XYZ var ei kortliva supergruppe. Namnet XYZ kjem frå eX-Yes-&-Zeppelin sidan gruppa bestod av tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, i lag med tidlegare Yes-medlemmar Chris Squire (bassgitar, vokal, klaverinstrument) og Alan White (trommer). Squire var den viktigaste låtskrivaren for gruppa.[1] Page meinte at bandet trong ein sterk vokalist og høyrte med tidlegare Led Zeppelin-songar Robert Plant. Plant møtte opp på ei øving med XYZ den 28. februar 1981, men valde å ikkje bli med i gruppa, fordi han ikkje likte den komplekse musikken.[2] Utan Plant og med kontraktsproblem om kven som skulle styre gruppa[3][4] vart prosjektet skrinlagt kort tid etter.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. Chris Squire of Yes talks about the band's legacy, current tour and future [daud lenkje]
  2. Led Zeppelin :: Achilles Last Stand, arkivert frå originalen 26. mai 2011, henta 28. mars 2011 
  3. Welch, Chris (2003). Close to the Edge: The Story of Yes, Revised Edition. London: Omnibus Press, s. 202. ISBN 0-7119-0509-5
  4. Alan White de Yes: el batero que tocó con todos