Zwickau
Zwickau | |||
by | |||
Marknadsplassen i Zwiackau.
Foto: André Karwath | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Sachsen | ||
Region | Chemnitz | ||
Landkreis | Kreisfri by | ||
Høgd | 241–444 m | ||
Areal | 102,58 km² | ||
Folketal | 87 593 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 600-talet | ||
Postnummer | 08001–08066 | ||
Retningsnummer | 0375 | ||
Bilnummer | Z | ||
![]() Zwickau 50°43′08″N 12°29′46″E / 50.718888888889°N 12.496111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Zwickau |
Zwickau er ein by i Tyskland i delstaten Sachsen med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg i ein dal ved foten av Erzgebirge, på venstresida av elva Zwickauer Mulde, 130 km sørvest for Dresden, sør for Leipzig og sørvest for Chemnitz.
History
[endre | endre wikiteksten]Området rundt Zwickau vart busett av slavarar på 600-talet. På 900-talet kom germanarar til området og dei innfødde slavarane vart kristna. Ein kjøpstad kalla «Zcwickaw» vart nemnd i 1118. Busetnaden fekk byrettar i 1212, og husa fransiskanarar og cistercianarar på 1200-talet. Zwickau var ein fri keisarby frå 1290 til 1323, men vart så gjeven bort til markgrevskapet Meissen. Sjølv om ein byrja med gruvedrift i området i 1316, auka gruveaktiviteten kraftig då ein oppdaga sølv i Schneeberg i 1470.
Anabaptistrørsla byrja i Zwickau 1525 med inspirasjon frå Zwickauprofetane. Under trettiårskrigen vart byen plyndra.
Komponisten Robert Schumann vart fødd i Zwickau i 1810 i eit hus som framleis står på marknadsplassen.
Under den andre verdskrigen styret regjeringa ein nazistisk konsentrasjonsleir i Zwickau. Etter at amerikanarane frigjorde byen i 1945 kom han under sovjetisk kontroll.

Frå 1949 til 1990 høyrte Zwickau til Aust-Tyskland og var eit sentrum for kolbryting.
I november 2004 vart trafikklysa med Ampelmannen byta ut med dei første trafikklyskvinnene, eller Ampelfrau, som første by i Tyskland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zwickau» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2007.