Hopp til innhald

Kem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå Kemelva.
Kem
Кемь
Vienan Kemi
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Karelia
Areal 21 km²
Folketal 9 712 (2023)
Grunnlagd 1300-talet
 •  Bystatus 1785
Postnummer 18661x
Retningsnummer +7 81458
Bilnummer 10
Kart
Kem
64°57′N 34°36′E / 64.95°N 34.6°E / 64.95; 34.6
Wikimedia Commons: Kem (town)

Kem (russisk Кемь, finsk Vienan Kemi ) er ein historisk by i Republikken Karelia i Nordvest-Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Byen ligg ved munningen til elva Kem i Kvitsjøen. Jernbanen frå Petrozavodsk til Murmansk går igjennom Kem.

Utsikt til Kem i 1911.

Det er funne spor etter menneske i Kemområdet frå mesolittisk tid (ca. 8000–4000 f.Kr.) og det er òg spor etter vikingar i området. Kem er først nemn som eit gods som høyrte til Novgorod sin posadnik (samsvarar statthaldar) Marfa Boretskaja i 1450, då ho donerte byen til Solovkiklosteret som ligg på den største av Solovkiøyane i Kvitsjøen like utanfor byen. I 1657 vart ei trefestning reist i byen. Den merkverdige katedralen i byen, Maria innsovnelses-katedralen, er òg ein trebygning, reist i perioden 1711-1717. Katedralen er eit flott døme på ein valmtakkonstruksjon (sadeltak der delar av gavlane vert skrådde inn mot midten av mønet), som er veldig mykje brukt i eldre russisk arkitektur. Ikonostasen i katedralen (vegg med tre dører som skil kor frå skip) har same særpreg som kostelege ikon frå Novgorod på 1600-talet.

Innbyggjarane i Kem har historisk vorte kalla pomorar («kystbuarar»). Mellom 1740 og 1917 gjekk pomorhandelen føre seg mellom folk i Kvitsjøområdet og fiskarar i Nord-Noreg, med hovudsakleg fisk frå Noreg og korn frå Russland som handelsvarer. Kem var ein av dei viktigaste hamnebyane som tok del i denne handelen og Pomormuseumet i byen har rundt 6500 gjenstandar frå denne tida.

I stalintida vart det oppretta fleire fangeleirar innan Gulag-systemet i byen. Utbygginga av slike leirar tok av rundt Kem omkring 1930. I Kem låg dei viktigaste leirane under anlegget av kanalen mellom Austersjøen og Kvitsjøen der dei største slusene vart bygt. I Kem låg òg administrasjonssenteret for fangeleirene på Solovkiøyane og byen var transporthamn til øyane. Det er reist eit monument til minne om dei som døydde i leirane i Kem.

I dag er det turisttransport med båt ut til Solovki-øyane frå hamna i Kem. Reisa tar mellom to og tre timer og er den kortaste vegen til desse øyane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kem