Hopp til innhald

Olonets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olonets
Олонец
Aunus
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Karelia
Areal km²
Folketal 7 631 (2023)
Grunnlagd 1137
Postnummer 186000
Retningsnummer +7 81436
Bilnummer 10
Kart
Olonets
60°59′00″N 32°58′00″E / 60.983333333333°N 32.966666666667°E / 60.983333333333; 32.966666666667
Wikimedia Commons: Olonets

Olonets (russisk Олонец, finsk Aunus, karelsk Anus) er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Olonka, aust for Ladoga.

Olonets er den eldste dokumenterte busetnaden i Karelia, nemnt i kjelder frå Novgorod så tidleg som 1137. Historia til byen er uklår fram til 1649, då ei festning vart bygt der for å verne Storfyrstedømet Moskva mot svenskane. Same år fekk staden byrettar. Fram til den store nordiske krigen utvikla Olonets seg som ein leiande marknad for russisk handel med Sverige. Sørover frå byen strekte det seg eit belte med festningskloster, der Aleksander-Svirskij-klosteret var det viktigaste.

På 1700-talet endra Olonets fokus frå handel til jernindustri. I 1773 vart byen hovudstad i Olonets gubernija. Elleve år seinare vart den regionale hovudstaden flytta til Petrozavodsk og Olonets vart mindre viktig.

Dagens Olonets er rekna som ein av dei historiske byane i Karelia og det er den einaste byen i republikken der karelar er i fleirtal (over 60 % per 2004). I 1999 feira byen 350-års jubileum.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Olonets