Hopp til innhald

Kimry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kimry
Кимры
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Høgd 125 m
Areal 44 km²
Folketal 40 875 (2021)
Først nemnt i 1546
 •  Bystatus 1917
Postnummer 17150x
Retningsnummer (+7) 48236
Kart
Kimry
56°52′00″N 37°21′00″E / 56.866666666667°N 37.35°E / 56.866666666667; 37.35
Wikimedia Commons: Kimry

Kimry (russisk Кимры) er ein by sør i Tver oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, ved samløpet med Kimrka, rundt 130 km aust for Tver.

Kimry vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1546 som ein travel skomakar- og handelslandsby på venstre bredda av Volga. Den delen av Kimry som ligg på høgresida, kalla Savjolovo, starta først å vokse i 1901, då ein jernbane knytte han til Moskva. Kimry fekk bystatus i 1917. Mange gamle trebygningar og kyrkjer finst framleis i Kimry.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kimry