Hopp til innhald

Rzjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rzjev
Ржев
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Høgd 190 m
Areal 56 km²
Folketal 52 619 (1. januar 2025)
Først nemnt i 1216
 •  Bystatus 1775
Postnummer 172380–172391
Retningsnummer (+7) 48232
Kart
Rzjev
56°15′56″N 34°19′39″E / 56.265583333333°N 34.327569444444°E / 56.265583333333; 34.327569444444
Wikimedia Commons: Rzhev

Rzjev (russisk Ржев) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, rundt 120 km sørvest for Tver.

Rzjev før den russiske revolusjonen i 1917.

Rzjev er først nemnt i 1216, då byen låg under Mstislav den modige, fyrsten av Toropets. Tre regionale makter, Republikken Novgorod, fyrstedømet Smolensk og storfyrstedømet Vladimir-Suzdal, kjempa om Rzjev i mellomalderen.

Etter den mongolske invasjonen hamna Rzjev under ei gren av Smolensk-dynastiet, som gjorde byen til hovudstaden sin. Seinare vart byen delt mellom to av fyrstane og dei to delane vert framleis kalla Fyrst Dmitrij-sida og Fyrst Teodor-sida. På midten av 1300-talet, var dei under stadige åtak frå Algirdas av Litauen og storfyrsten av Tver, som kjøpte opp alle landsbyane rundt byen. Til slutt forlet fyrstane byen og drog til Moskva og Rzjev vart ei kort tid okkupert av Tver, Det polsk-litauiske samveldet og til slutt av Storfyrstedømet Moskva.

På 1700-talet førte lokale handelsmenn stor velstand til byen.

Under den andre verdskrigen vart byen praktisk talt utsletta under dei blodige slaga ved Rzjev i 1942. Over ein sjettedel av folkesetnaden vart send til tvangsarbeid i Tyskland under nazi-okkupasjonen og rundt 9000 innbyggjarar vart skotne, svelta eller torturert i hel i ein konsentrasjonsleir som vart oppretta midt inne i byen. Nesten ingen gammal arkitektur overlevde øydeleggingane under krigen.

Under den kalde krigen låg flybasane Rzjev og Bakhmutovo ved byen.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste næringa i byen er maskinbygging, spesielt produksjon av bygningskranar. Byen har òg ein større bygningsindustri.

Rzjev ligg ved hovudvegen og jernbanen mellom Moskva og Riga. Skiptrafikk går forbi Tver med den store elvehamna her ved Volga. Ved Tver ligg òg Migalovo lufthamn, som òg tener Rzjev-området.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Rzjev