Murter
Murter | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Šibenik-øyane
|
Areal | 18,7 km²
|
Høgaste punkt | Raduč (125 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke Kommune |
Šibenik-Knin Murter-Kornati, Tisno |
Største busetnad | Murter (1 920[1] innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 4 628 (2021[1])
|
Murter er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia og Dalmatia, i øygruppa utanfor byen Šibenik.
Administrativt er øya delt mellom to kommunar i fylket Šibenik-Knin. Den nordvestlege delen av øya høyrer til kommunen Murter-Kornati, som òg omfattar øygruppa Kornati. Her ligg den største landsbyen på øya, som òg heiter Murter. Resten av øya høyrer, saman med eit område på fastlandet, til kommunen Tisno. Her ligg den vesle landsbyen Betina nord på austsida av øya, medan Jezera ligg i sør. Landsbyen Tisno ligg dels på øya og dels på fastlandet.[2][3]
Øya hadde i 2021 4 628 innbyggjarar. 97,6 % av innbyggjarane er kroatar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Øya ligg nordvest i øygruppa utanfor Šibenik, og berre 20 meter frå fastlandet ved Tisno, der det går ein 20 meter brei kanal. Ei 37 meter lang klaffebru strekkjer seg over kanalen. Øya har eit areal på 18,7 km², og det høgaste punktet er Raduč med 125 meter over havet.
Den sørvestlege sida av øya er bratt med fleire viker med sandstrender innimellom. Øya har òg fleire steinstrender.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya har vore busett i nesten 2000 år. Ein illyrisk-romersk busetnad kalla Colentum vart grunnlagd nær Betina. Dokument viser at Murter vart kalla Villa Magna i 1293, som tyder «stor landsby». På 1200-talet er det dokumentert to busetnadar på øya, Jezera og Veliko selo (no Murter), og øya vart nemnd i 1318 som Insula Mortari. Betina og Tisno vart mest sannsynleg grunnlagd på 1400-talet då osmanarane gjekk til åtak på området. Folketal på øyane auke då folk rømde frå tyrkarane.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
Kommune | Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|---|
Murter | Murter-Kornati | 2 068 | 2 025 | 1 920 |
Tisno[a] | Tisno | 1 377 | 1 287 | 1 192 |
Jezera | Tisno | 841 | 886 | 798 |
Betina | Tisno | 774 | 697 | 718 |
Øya Murter[a] | 5 060 | 4 895 | 4 628 |
Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Del av Murter-Kornati | 2 068 | 2 025 | 1 920 |
Del av Tisno kommune | 2 992 | 2 870 | 2 708 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ 4,0 4,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ 5,0 5,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Murter på infoadriatic.com Arkivert 2008-09-17 ved Wayback Machine.