Pag
Pag | |
---|---|
![]() Byen Pag | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet
|
Areal | 305 km²
|
Høgaste punkt | Sveti Vid (348 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Lika-Senj og Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 8 339 (2021[1])
|
Pag (latin Pagus, italiensk Pago) er ei øy nord i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho er den femte største av dei kroatiske øyane, og den øya med lengst kystlinje.
Pag har eit folketal på 8 339 (2021).[1] I tillegg til dei større tettstadene Pag og Novalja, ligg det mange mindre landsbyar og turiststader her.
Øya er administrativt delt i den nordlege delen som høyrer til Lika-Senj fylke, med bykommunen Novalja, og den sørlege delen som høyrer til Zadar fylke med bykommunen Pag og dei to landkommunane Kolan og Povljana.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Pag høyrer til den nord-dalmatiske øygruppa, og strekkjer seg frå nordvest mot søraust langs kysten. Mellom øya og fastlandet ligg Velebitsundet. Øya har eit areal på 305 km² og ei kystlinje på 302,47 km. Ho er 60 km lang (frå nordvest til søraust) og mellom 2 og 10 km brei.
Sørvestkysten av øya er låg, medan nordvestsida av øya er høg og bratt. Det meste av øya er steinete, og enkelte område er dekkja av middelhavskratt. Og på søraustsida ligg karstinnsjøane Velo Blato og Malo Blato. Det høgaste punktet på øya er Sveti Vid (St. Vitus, 348 m).
I dalane og på slettane vert det dyrka vin, grønsaker og frukt. Dei større plassane på øya er knytt saman av ein veg og ei 300 meter lang bogebru. Det er ferjesamband til fastlandet mellom Prizna og Žigljen. Store hamner og landsbyar er Lun, Stara Novalja, Novalja, Kolan, Šimuni, Metajna, Pag, Dinjiška og Povljana.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001[2] | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Kolan kommune | [a]– | 791 | 815 |
Novalja kommune | 3 335 | 3 663 | 3 680 |
Pag kommune | [b]4 350 | 3 846 | 3 175 |
Povljana kommune | 713 | 759 | 669 |
Øya Pag | 8 398 | 9 059 | 8 339 |
Dei største tettstadene på øya var:
Kommune | Folketal 2001[2] | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|---|
Novalja | Novalja | 2 078 | 2 358 | 2 415 |
Pag | Pag | 2 701 | 2 849 | 2 322 |
Povljana | Povljana | 713 | 759 | 669 |
Mandre | Kolan | 276 | 395 | 467 |
Kolan | Kolan | 423 | 379 | 332 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ 2,0 2,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ 3,0 3,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.