Phaethornis
Phaethornis | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Phaethornithinae |
Slekt: | Phaethornis Swainson, 1827 |
Phaethornis er ei biologisk slekt av mangfoldige «eremittar» i kolibrifamilien. Slekta omfattar artar som er heimehøyrande i tropiske område av Amerika, neotropane, med utbreiingsområde frå vest i Mexico, gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika til søraust i Brasil, Paraguay og ekstremt nordlegste Argentina. Phaethornis er ein del av underfamilien Phaethornithinae kjent under det vanlege namnet «eremittar». Det finst per 2025 klassifisert 27 artar i slekta,[1] og Phaethornis er med det den mest artsrike slekta i kolibrifamilien.
Det vitskaplege slektsnamnet Phaethornis kjem frå gresk: phaethōn som tyder «sol», og ornis som tyder «fugl».[2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Eremittane i denne slekta er ein mangfaldig gruppe kolibriar som måler mellom 8 og 17,5 cm i lengd. Dei er kjenneteikna ved det lange, bogeforma nebbet, ei mørkgrå til svartaktig krone og maskering, innramma av ei lys augebrynslinje og ein lys eller bleik strupekant. Dei har ofte stjertfjør (timonerar) som minner om ei trapp, med kvite spissar. Hos nokre artar er det midterste stjertparet mykje lengre enn dei andre, medan det hos andre berre er moderat forlenga og dannar ei kileform.
Dei har overvegande grålege fargar, med nyansar av brunt, grønt og rustraudt, og fleire artar har mørkegrøne eller bronsefarga, iriserande overside – sjølv om desse fargane er mindre framtredande enn hos mange andre kolibriar. Hannen og hoa har svært lik fjørdrakt, med ulikskapar berre i form av nebb, stjert og fargesterkheit. Ingen artar i denne slekta viser sterk kjønnsdimorfisme slik ein ofte finn hos kolibriar.
Habitatet til dei fleste Phaethornis-eremittane er avgrensa til underskogen og kantsonene i skog, eller sekundær vegetasjon, men nokre artar føretrekk opnare område.
Mange av artane dannar leik, det vil seie samlingsplassar der hannar stiller ut for å trekkje til seg hoer som kjem for å velja partnar. Hannane i denne slekta er generelt mindre aggressive enn andre hann-kolibriar, sjølv om både hanner og hoer forsvarar revir.
Fleire av artane er knytte til Heliconia-planter, men dei brukar òg andre nektarkjelder, som blomar frå Centropogon, Passiflora, Costus og fleire. I mindre grad fangar dei òg små leddyr. Det lange, bogeforma nebbet som er typisk for dei fleste i gruppa, er ein tilpassing til visse blomstrar.
Artar og status
[endre | endre wikiteksten]Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert 26 av dei 27 artane artane som livskraftige (LC). Ein art, tapajoseremitt som er endemisk for delstaten Pará i Brasil, er vurdert som sårbar (VU).[3]
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Phaethornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing |
---|---|---|---|---|
![]() |
Smusseremitt | Phaethornis squalidus | (Temminck), 1822 | ![]() |
![]() |
Strekstrupeeremitt | Phaethornis rupurumii | Boucard, 1892 | ![]() |
![]() |
Småeremitt | Phaethornis longuemareus | (Lesson), 1832 | ![]() |
![]() |
Tapajoseremitt | Phaethornis aethopygus | J.T. Zimmer, 1950 | ![]() |
![]() |
Dvergeremitt | Phaethornis idaliae | (Bourcier & Mulsant), 1856 | ![]() |
![]() |
Kanelstrupeeremitt | Phaethornis nattereri | Berlepsch, 1887 | ![]() |
![]() |
Mørkstrupeeremitt | Phaethornis atrimentalis | Lawrence, 1858 | ![]() |
![]() |
Stripestrupeeremitt | Phaethornis striigularis | (Gould), 1854 | ![]() |
![]() |
Gråstrupeeremitt | Phaethornis griseogularis | (Gould), 1851 | ![]() |
![]() |
Rusteremitt | Phaethornis ruber | (L), 1858 | ![]() |
![]() |
Aymaraeremitt | Phaethornis stuarti | Hartert, 1897 | ![]() |
![]() |
Okerbukeremitt | Phaethornis subochraceus | Todd, 1915 | ![]() |
![]() |
Sotkroneeremitt | Phaethornis augusti | (Bourcier), 1847 | ![]() |
![]() |
Planaltoeremitt | Phaethornis pretrei | (Lesson & Delattre), 1839 | ![]() |
![]() |
Skjelstrupeeremitt | Phaethornis eurynome | (Lesson), 1832 | ![]() |
![]() |
Lysbukeremitt | Phaethornis anthophilus | (Bourcier), 1843 | ![]() |
![]() |
Kvitskjeggeremitt | Phaethornis hispidus | (Gould), 1846 | ![]() |
![]() |
Kårdeeremitt | Phaethornis yaruqui | (Bourcier), 1851 | ![]() |
![]() |
Grøneremitt | Phaethornis guy | (Lesson), 1833 | ![]() |
![]() |
Sjaketteremitt | Phaethornis syrmatophorus | Gould, 1851 | ![]() |
![]() |
Inkaeremitt | Phaethornis koepckeae | Weske & Terborgh, 1977 | ![]() |
![]() |
Nåleremitt | Phaethornis philippii | (Bourcier), 1847 | ![]() |
![]() |
Floretteremitt | Phaethornis bourcieri | (Lesson), 1832 | ![]() |
![]() |
Mexicoeremitt | Phaethornis mexicanus | Hartert, 1897 | ![]() |
![]() |
Langnebberemitt | Phaethornis longirostris | (Delattre), 1843 | ![]() |
![]() |
Stjerteremitt | Phaethornis superciliosus | (L), 1766 | ![]() |
![]() |
Stornebberemitt | Phaethornis malaris | (Nordmann), 1835 | ![]() |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var basert på «Phaethornis» frå Wikipedia på spansk, den 10. juni 2025
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 10. juni 2025
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 301. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ BirdLife International (2024). «Phaethornis». IUCN - Global raudliste. Henta 10. juni 2025.
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 10. juni 2025. søk på Phaethornis