Hopp til innhald

Planaltoeremitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Planaltoeremitt
Planaltoeremitt
Planaltoeremitt
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av planaltoeremitt
Utbreiinga av planaltoeremitt
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Phaethornithinae
Slekt: Phaethornis
Art: Planaltoeremitt P. pretrei
Vitskapleg namn
Phaethornis pretrei

Planaltoeremitt (Phaethornis pretrei) er ein eremitt i kolibrifamilien. Han finst i Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay.

Systematikk og taksonomi

[endre | endre wikiteksten]

Planaltoeremitten er ein av 27 eremittar i slekta Phaethornis.[1] Han har tidlegare vore foreslått plassert i ei eige, monotypisk slekt, Anisoterus, men dette vart raskt avvist. Han er nært i slekt med sotkroneeremitt (P. augusti). Arten har ingen godkjende underartar, og dei som tidlegare har vore foreslått, har vist seg å vere basert på avvikande individ eller normal variasjon innan arten.[2]

Planaltoeremitten er om lag 14 til 16,5 cm lang. Hannar veg mellom 4,5 og 7 gram, medan hoer veg mellom 3 og 5 gram. Dette er ein mellomstor eremitt med mest olivengrøn overside og raudlege overgumpfjør. Nest inste stjertfjørene er lengre enn dei andre, og alle har kvite spissar. Undersida er kanelraud. I andletet har han ei svart «maske», med ei kvit augebrynslinje (supercilium) og ein kvit strupekrins. Kjønna liknar kvarandre, men hoa har kortare venger og eit mindre nedbøygd nebb.

Utbreiing og leveområde

[endre | endre wikiteksten]

Dei største taksonomiske systema plasserer planaltoeremitten i eit vidt område sør for Amazonasregnskogen i Brasil, i austlege Bolivia, ein bit av nordlege Argentina og store delar av Paraguay.

Arten lever i mange ulike habitat, inkludert ikkje-skogkledde, men vegetasjonsrike område, tørrskog, sekundærskog og galleri-skog. Dette inkluderer økoregionane caatinga, cerrado og delar av Pantanal. Han finst òg i menneskepåverka landskap, så lenge det finst tre og urter. Arten er utbreidd frå 400 til 2 100 meter over havnivå.

Planaltoeremitten er truleg delvis trekkfugl i delar av utbreiingsområdet sitt, men det finst ikkje sikre data.[3]

Mange eremittar følgjer ei fast rute mellom blomstrande plantar for å sanke nektar, ein trur planaltoeremitten gjer det same. Etter at han har forlate ein plass med blomar, vil han komme at til same staden i neste runde. Han et òg små leddyr.

Hekketida er ikkje fullt ut kartlagt, men ser ut til å strekke seg frå august til april. Reiret er ein lang, kjegleforma konstruksjon av plantemateriale og spindelvev. I motsetnad til dei fleste andre Phaethornis-artar heng han reiret frå ei loddrett grein, i bergsprekker, og òg i eller under menneskeskapte strukturar som røyr, bruer og forlatne bygningar. Kullstorleiken er to egg.

Songen til planaltoeremitten er variert, og vert ofte skildra som ei rekkje jamt fordelte, vekselvis enkle og doble tonar, til dømes: «ti-tsi...tsi...tsi...tsi...ti-tsi...tsi..tsi», men òg stundom triple tonemønster som: «chu-tsi-tsi...chu-tsi-tsi...chu-tsi-tsi...».

Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) vurderer planaltoeremitten som livskraftig (LC). Trass i at ein ikkje kjenner eksakt storleik eller utvikling av populasjonen, er arten vanleg i eit stort område, finst i fleire verna område, og tilpassar seg godt til menneskepåverka miljø som hagar og byparkar.[4]

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 11. juni 2025
  2. Hinkelmann et al, 2020. «Systematics History»
  3. Hinkelmann et al, 2020. «Movements and Migration»
  4. BirdLife International (2024). «Planalto Hermit Phaethornis pretrei». IUCN Red List of Threatened Species 2024. doi:10.2305/IUCN.UK.2024-2.RLTS.T22686976A263966423.en. Henta 11. juni 2025. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Planaltoeremitt