Hopp til innhald

Geitdoning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geitdonning)
Tømmerkøyring med bukk og geit.

Geitdoning er eit hestereiskap nytta for å køyra tømmer. Det består av to stutte sledar, der den fremre vert kalla «bukken», eller «framstøttingen», og den bakre «geita» eller «bakstøttingen». Bukken har ein svingbank, slik at han fylgjer hesten når vegen svingar. Geita heng etter bukken i ein Y-forma kjetting festa midt på bukken og til begge sidene på geita[1]. Avstanden mellom bukken og geita vert justert etter lengda på tømmeret. I motsetning til stytting og lunnedrag slepar ikkje stokkane på marka, og på oppkøyrd frosen veg kan ein køyra etter måten store lass om det ikke er motbakke. På svært god veg med litt fall kan ein henga fleire geitdoningar etter kvarandre. Når tømmeret vert køyrd fram med geitdoning unngår ein at sand og småstein, som skjemmer sagblada, set seg fast i stokkane.

Geitdoning: geit, bukk og skjæker.

Geitdoningen vart utvikla i Fryksdalen i Värmland og kom til Noreg på 1890-talet[1]. Han vart i byrjinga laga lokalt, etter kopi av svenske doningar, men etter ei tid tok føretak som Jømna Brug i Elverum og Moelven bruk i Ringsaker til med industriell produksjon. I fylge Dybdal[1] var geitdoning den dominerande reiskapen for å køyra tømmer i fyrste halvdelen av 1900-talet. Men i det bratte terrenget på Vestlandet vart det nytta stytting.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 A. Dybdal, Geitdoning, SNL.
  2. Lisbeth Bergh, Norske Anskuelsesbilleder, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1913.