Hopp til innhald

Steindrog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein vart lasta på ei steindrog.

Steindrog, eller steinslede, er ein kraftig slede for hest for å transportera stein over korte avstandar. Lastehøgda er låg for at det skal vera lettare å rulla steinen opp på droga. Steindreger vart før i tida nytta for å køyra bort stein når ein dyrka ny mark, for å henta stein til hustufter, osb. Steinen vart rulla opp på droga med hjelp av spett, eller av og til løfta opp med ein stubbrytar.