Hopp til innhald

Sleperive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slåttonn i Magnillsjøan med fjording med sleperive.

Sleperive er ei hesterive for å raka saman gras i samband med hesjing eller siloslått. Riva kan rotera om akslingen i bakkant, men ho er låst saman med handtaket ved køyring. Når riva skal tømmast løftar køyrekaren riva i bakkant og løyser ut låset slik at riva er fri til å rotera rundt akslingen. Ho tippar då over slik at tindane vender attover, og graset blir liggande att i ein dunge. Handtaket er festa med ei skralle på akslingen, så køyrekaren kan snu tindane framover att ved å lyfta handtaket. Å nytta sleperive går mykje fortare enn å samla graset med høygaffel, men når graset er langt har det ein tendens til å filtra seg saman og det kan vera tungt å ta det att for å få det opp i hesja. Då traktorane avløyste hestane vart sleperivene avløyst av silosvansane.